Linux

Changed 2017-12-24 17:00:46


Linux er eit operativsystem, tufta på open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert òg nytta om heile Linuxdistribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukargresesnitt, verktøy og brukarprogram frå GNU-prosjektet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst og fleire miniversjonar for små innbaka system som mobiltelefonar og videokamera.

Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått støtte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av æra for denne framgangen.